Norsk Kraft As er engasjert som koordinator i konsesjonsprosessen.

Det er leigd inn desse konsulentane som arbeider for oss:

Sweco As:

-Montert Vannmålingsutstyr i september 08.
   vert ståande 1 - 2 år

-Montert Kamera for visualisering av kalvafossen og
Fodnastølsfossen ved ulike vannføringar
Desse vart montert september og henta inn i desember 08

Rådgivande Biologar:
Fagrapport om
- Fisk og ferskvannsbiologi. (under uførelse.)
- Vannkvalitet og vannforsyning.
1. Beskrivelse av fiskebestandane i tiltaks og influensområdet.
2. Beskrivelse av bunndyrfauna oppe og nede i berørt elvestrekning.
3. Samle inn og analysere dyreplankton frå Fodnastølsvatnet.
4. Foreta temperaturmåling oppe og nede i berørt elvestrekning.
5. Samle inn 4 vannprøvar igjennom året i utløp av Fodnastølsvatnet.
6. Vurdere virkning på drikkevannsforsyning og smoltanlegg nedstrøms.
Rapport ferdigstilles 01.07.2009

Sweco lagar samlerapport om:
- Landskap
- Kulturminner og kulturmiljø
- Friluftsliv og reiseliv
 

Bioreg
Ku-rapport om Biologisk mangfold

--------------------------------------

Tidleg planlegging:
Det første året arbeidde me med ulike former for samarbeidsmodellar, der ulike utbyggjingsselskap gav oss tilbod basert på at me leigde ut fallrettane våre til dei i ein 40 års periode.Denne modellen har me i alle fall foreløbig gått vekk frå, då me ynskjer sjølve å behalda styringa med prosjektet vidare framover.

 Etter totalt ca. 35-40 møter og 10-12 synfaringar i terrenget, er me no komne så langt at me har skipa Herand Kraft A/S, som har til formål å søkja konsesjon for ei miljøvenleg og skånsom utbyggjing av Storelva. Herand Kraft A/S har vidare fått ein uavhengig konsulent, Opticonsult, til å utarbeida eit skisseprosjekt, som er eit slags grovprosjekt for å kunne samanlikna dei ulike utbyggjingsalternativa som me tidligare har vurdert.
[Opticonsult vil utarbeida melding som vert oversendt NVE.]

 

Planlagt anlegg:
Me har med bakgrunn i blant anna dette skisseprosjektet, foreteke eit valg av kva anlegg me ynskjer å gå vidare med for å få til ei mest mogeleg optimal men likevel skånsom utbyggjing.
Me ynskjer å få til eit røyranlegg med inntak i Fodnastølsvatnet og kraftstasjon i Trå.
Dette vert eit anlegg som kan produsera mellom 65 og 75 GWh alt etter kor stor røyrgate og maskininstallasjon som vert installert.
( Dette er nok til å forsyna 3500-4000 husstandar med straum.)

Heilt i frå Trå og opp til Fodnastølsvatnet, ligg Storelva svært godt til rette for utnytting til kraftproduksjon.
Kraftstasjonen er tenkt plassert langs elva, ca.150 meter ovanfor brua i Trå,
her vil den verta lite synleg i terrenget.
Elva oppover frå kraftstasjonen, ligg for det meste godt skjult i terrenget heile vegen til fjells, med unntak av dei øverste 2-300 metrane mot vatnet der terrenget vidar seg ut.
For å gjere anlegget mest mogeleg usynleg på den øvre delen, tenkjer me oss å få trekt røyrgata og inntak lengst mogeleg vekk frå elva og den åpne dalen med stien til Fodnastøl.

Inntak og røyrgate:
For å få til eit velfungerande men minst mogeleg syneleg inntak i vatnet, ynskjer me å driva ein horisontal tunell (miljøtunell) på ca 200 meter lengde. Denne vil ha opning inn mot vatnet, mellom Galtasete og utløpet frå Fodnastølsvatnet. (om lag ved gamle vassmålarstasjonen for dei som er kjende)
Her vert kun ein liten del av tunellåpning syneleg, (0,5- 1 meter høg og 4 meter brei) resten av tunellen på totalt ca. 4 x 4 meter vert liggjande under vatn.
Vidare vil tunellen gå heimover i retning mot Samlen. 
På heimsida vil tunellen gå over i nedgavd røyr heilt til bygdars.
Røyrtraseen er tenkt liggjande på austsida av elva ovanfor Drivfoss, og på vestsida nedanfor.

Vassverk:
Miljøtunellen skal fungera som eit lite synleg, frostfritt og godt inntak for kraftverket og forhåpentleg vis også for Herand vassverk.
Me har heile tida prøvd å tenkja vassverk opp mot kraftutbyggjing, for å få begge deler så optimalt som mogeleg. Vassverksinntak i miljøtunellen vil etter utbyggjing gje oss monaleg betre kvalitet på råvatnet enn det me har i dag.  Dette i seg sjølv vil redusera/forenkla vannbehandlinga i renseprosessen for vassverket.
Dette inntaket vil og medføra at drikkevannkvaliteten for Herand vassverk vert som i dag under anleggsperioden for kraftverket.  
Kvaliteten på drikkevatn i anleggsperioden hadde vorte ei svært stor utfordring, dersom me skulle bygd eit kraftverksinntak i elva nedanfor Fodnastølsvatnet.
Me har og på dei foreløpige planteikningane av kraftstasjonen, sett av areal til vannbehandlingsanlegg for Herand vassverk.